Innstilling frå kommunedirektøren
Med heimel i jordlova § 12 vert det ikkje gjeve samtykke til fradeling av omsøkt areal på ca. 424,2 m² frå gnr./bnr. 29/1.
Vedlegg
Forslag frå J. K. Hansen (Sp)
Plan, miljø- og ressursutvalet godkjenner søknad om frådeling av om lag 424,2 m² frå gnr./bnr. 29/1,
Grunngjeving:
Utvalet har lagt vekt på at frådelinga gjeld formalisering av ein eksisterande fritidsbustad, ikkje etablering av ny fritidsbebyggelse. Det omsøkte arealet er lite, ligg langs eksisterande veg og er ikkje dokumentert å ha vesentleg verdi for jord- eller skogbruksdrifta.
Utvalet vurderer at frådelinga ikkje vil føre til nemnande driftsmessige ulemper eller svekke ressursgrunnlaget på landbrukseigedomen. Frådelinga gir samstundes ein ryddig eigedomsstruktur, og eit eventuelt sal kan etter søknaden bidra til vedlikehald og vidare drift av garden. Etter ei konkret vurdering meiner utvalet at frådelinga er i samsvar med omsyna bak jordlova § 1 og § 12.