Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå kommunedirektøren

Innstilling Behandlet

Med heimel i jordlova §1 og §12 vert det ikkje gjeve samtykke til deling av gnr./bnr. 27/20.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå J. K. Hansen (Sp)

Forslag Behandlet

Plan, miljø- og ressursutvalet godkjenner søknad om frådeling av gnr./bnr. 27/20 frå landbrukseigedomen Urdi, gnr./bnr. 32/3,

Grunngjeving:

Utvalet legg avgjerande vekt på at den omsøkte eigedomen allereie er eit eige matrikkelnummer, og i lang tid har vore nytta som tomt for ein eksisterande bygning. Frådelinga inneber derfor ikkje etablering av ein ny fritidseigedom eller ei ny utbygging i eit tidlegare ubebygd landbruksareal. Dette er ikkje ei ny frådeling av ein samanhengande teig, men ei formell opprydding i eksisterande eigedomsforhold. Å kalle dette for fragmentering av landbruksareal vert etter utvalet si vurdering ikkje rektig, då arealet for lengst er teke ut av aktiv landbruksdrift."

Bygningen på tomta har lokal kulturhistorisk verdi (SEFRAK-registeret). Utvalet meiner at ein sjølveigande eigedomsstruktur er det beste verkemiddelet for å sikre at eigar tar ansvar for vedlikehald av dette kulturminnet. Ei slik løysing er i tråd med kommunen sitt ønske om å ta vare på lokal bygningsarv.

Ein vurderer at dette tiltaket ikkje vil føre til nevneverdige driftsmessige ulemper for jord- eller skogbruksdrifta på gnr./bnr. 32/3. Frådelinga vil heller ikkje i vesentlig grad redusere moglegheita for framtidig drift av dei attverande landbruksareala. Utvalet ønskjer å leggje til rette for løysingar som er praktiske og tenlege for både gardseigar og brukar.

Vedlegg

Les meir expand_more