Innstilling frå kommunedirektøren
Med heimel i jordlova §§ 1, 9 og 12 avslår Bygland kommune søknad om omdisponering og frådeling av om lag 16,4 daa frå gnr./bnr. 37/5 til bustadføremål med tilhøyrande tilkomstveg. Tiltaket er ikkje vurdert å vere i samsvar med omsynet til langsiktig ressursforvaltning, driftsmessig gode løysingar og ei tenleg disponering av landbruksressursane.
Behandling
Innstilling frå kommunedirektøren:
Med heimel i jordlova §§ 1, 9 og 12 avslår Bygland kommune søknad om omdisponering og frådeling av om lag 16,4 daa frå gnr./bnr. 37/5 til bustadføremål med tilhøyrande tilkomstveg. Tiltaket er ikkje vurdert å vere i samsvar med omsynet til langsiktig ressursforvaltning, driftsmessig gode løysingar og ei tenleg disponering av landbruksressursane.
Jørund Kvaale Hansen (Senterpartiet) fremja følgjande forslag på vegne av Sp, Ap:
Plan, miljø- og ressursutvalet godkjenner søknad om frådeling og omdisponering av om lag 16,4 daa frå gnr./bnr. 37/5 til bustadføremål.
Grunngjeving: Utvalet har vurdert saka etter jordlova §§ 1, 9 og 12.
- Busetjing: Utvalet vektlegg omsynet til busetjing etter jordlova § 1. Etablering av ny bustad for barnefamiliar er det mest sentrale målet i kommuneplanen sin samfunnsdel for å sikre ei positiv samfunnsutvikling i Bygland, og ein vurderer at dei samfunnsmessige fordelene er klart større enn ulempene.
- Driftsmessige løysingar: Det er pr. i dag ikkje tilkomstveg til skogteigen på gnr37bnr5. Utvalet vurderer at den nye tilkomstvegen utgjer ei positiv infrastrukturinvestering som også tener skogbruket i området ved å betre tilgjengelegheita for tømmerdrift og utnytting av andre skogressursar. Dette er i tråd med jordlova sitt mål om driftsmessig gode løysingar.
- Ressursforvaltning: Arealet som vert omdisponert er steinete og med middels bonitet og utgjer ein marginal del (0,6 %) av det totale skogarealet på eigedomen. Berre ein mindre del av arealet skal nyttast til bustad, garasje, hage og tilkomst, medan hovuddelen av parsellen framleis skal bestå av skog- og naturområde. Utvalet meiner arronderinga av 16,4 daa sikrar ei ryddig eigedomsgrense som hindrar oppsplitting av marginale randareal i sør, og vurderer difor at tiltaket ikkje er i strid med målet om ei tenleg disponering av landbruksressursane. Fordelane ved tiltaket, i form av busetjing og betre infrastruktur for skogsdrift, vert vurderte å vere klart større enn ulempene ved tap av produktivt skogareal."
- Naturmangfaldet: Planutvalet peker på uttale frå kommunens skogbruksavdeling: «Fagleg uttale frå skogbruk har vurdert at med bakgrunn i dagens bestand av rådyr og elg vil ikkje ny tomt få nemneverdig påverknad på elg og rådyr. Når det gjeld storfugl så er næmaste kjende leik-område om lag 2 km unna, og sjølv om området har kvalitetar som tilseier at det kan vere oppvekstområde for storfugl er det vurdert at bustaden som enkeltobjekt ikkje får følgjer for storfuglbestanden i distriktet.»
Votering:
Forslag frå Sp og Ap vart vedteke med 4 mot 0 stemmer.
Innstilling frå kommunedirektøren
Forslag frå Sp og Ap
Arbeidarpartiet (1/1)
Høgre (1/2)
Senterpartiet (2/2)
Vedtak
Jørund Kvaale Hansen (Senterpartiet) sitt forslag vart sett opp mot Innstilling frå kommunedirektøren