Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå kommunedirektøren

1. Ose turistheim vert lagt ut for sal med ei prisantyding på kr 1 500 000.

2. Brygga vert lagt ut for sal med ei prisantyding på kr 600 000.

3. Stoga vert lagt ut for sal med ei prisantyding på kr 1 000 000.

4. Soltun vert lagt ut for sal med ei prisantyding på kr 500 000.

5. Skulehuset i Åraksbø vert tilbydd overført vederlagsfritt til grendelaget. Dersom grendelaget ikkje ønskjer å overta eigedomen, vert han lagt ut for sal med ei prisantyding på kr 500 000.

6. Skulehuset i Grendi vert tilbydd overført vederlagsfritt til grendelaget. Dersom grendelaget ikkje ønskjer å overta eigedomen, vert han lagt ut for sal med ei prisantyding på kr 500 000..

Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføre salet og gjere dei naudsynte handlingane for å setje vedtaket i verk.

Behandling

Knut Vatsend (Høgre) fremja følgjande motforslag:

Forslag til vedtak:

Siden saken mangler utredning og således tilstrekkelig beslutningsunderlag, sendes saken tilbake til administrasjonen. PMR ber om at saken legges frem på nytt med saksutredning og skikkelig beslutninsgrunnlag til neste møte i PMR.

Votering:

samrøystes vedteke.

Knut Vatsend (Høgre) fremja følgjande spørsmål:

Her finner jeg ingen saksutredning, og jeg har følgende kommentarer og spørsmål:

Kommunen har tidligere gjort vedtak om salg av kommunale bygg og eiendommer, og det bør finnes historikk og begrunnelser for det som er gjort og ikke gjort tidligere i denne sammenhengen.

  1. Hvor finner jeg saks- og bakgrunnsopplysninger i denne saken?
  2. Hvilke vurderinger ligger bak innstillingen mht tidligere erfaringer, pris- og kostnadsvurderinger, frister og fremdrift, administrative ressurser, potensiell utleie osv.
  3. Vurdering av konsekvenser ved salg/ikke salg?

Jørund Kvaale Hansen (Senterpartiet) fremja følgjande forslag på vegne av Sp, Ap:

Vedtak:

1. Bjoren brygge, Ose turistheim og Stoga:

Ein ber kommunedirektør kome raskt attende med nye saker om avhending av Ose turistheim, Brygga og Stoga etter prinsippet «motsett anbud» på same måte som vart gjort med Landeskogen og Heradshuset.

Dette for å sikre aktivitet i bygga som gir mest mogleg attende til lokalsamfunnet.

Ein ynskjer rett til tilbakekjøp om bygga vert lagt ut for sal av nye eigarar, men då må prisen leggast på eit nivå slik at eigar får dekte delar av investeringar og oppgraderinger dei eventuelt har gjort under deira eige. Ein bør også sette krav til minimum drift og aktivitet.

Ein set pris som følgande:

Brygga: 200 000kr

Ose Turistheim: 500 000kr

Stoga: 1 000 000kr

2. Soltun vert lagt ut for sal med ei prisantyding på kr 500 000.

3. Skulehuset i Åraksbø vert tilbydd overført vederlagsfritt til grendelaget. Dersom

grendelaget ikkje ønskjer å overta eigedomen, vert han lagt ut for sal med ei

prisantyding på kr 500 000.

Ein løyver 20 000kr i to år i støtte til grendelaget i ein overgongsperiode.

Kommunedirektøren og ordførar får fullmakt til å gjennomføre salet og gjere dei naudsynte

handlingane for å setje vedtaket i verk.

4. Skulehuset i Grendi vert tilbydd overført vederlagsfritt til grendelaget. Dersom

grendelaget ikkje ønskjer å overta eigedomen, vert han lagt ut for sal med ei

prisantyding på kr 500 000.

Ein løyver 20 000kr i to år i støtte til grendelaget i ein overgongsperiode.

Kommunedirektøren og ordførar får fullmakt til å gjennomføre salet og gjere dei naudsynte

handlingane for å setje vedtaket i verk.

5. Det er viktig at ein får gjort alt av avklaringer og formaliteter før ein sel bygga, så ikkje nye eigarar starter opp med for mykje heftelser og byråkrati.

Vedtak

Knut Vatsend (Høgre) sitt motforslag

Forslag til vedtak:

Siden saken mangler utredning og således tilstrekkelig beslutningsunderlag, sendes saken tilbake til administrasjonen. PMR ber om at saken legges frem på nytt med saksutredning og skikkelig beslutninsgrunnlag til neste møte i PMR.