Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå kommunedirektøren

Innstilling Behandlet

Med heimel i jordlova § 12 avslår Bygland kommune søknad om frådeling av om lag 49 daa frå gnr. 32 bnr. 5 for samanføying med gnr. 31 bnr. 3. Kommune meiner at det ikkje er dokumentert at den omsøkte teigen vil styrkje driftsgrunnlaget til gnr. 31 bnr. 3 i vesentleg grad. Sjølv om kjøpar viser til framtidig bruk til beite og jakt, vurderer ein at arealet har avgrensa verdi som beiteareal, og at jakt ikkje åleine kan grunngje frådeling etter jordlova. Samstundes vil gnr. 32 bnr. 5 miste hovuddelen av sitt arealgrunnlag, om lag 78 %.

Vedlegg

Les meir expand_more