Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå kommunedirektøren

Innstilling Behandlet

I medhald av plan- og bygningslova § 19-2 kan det bli gitt dispensasjon frå LNF-føremålet i kommuneplanen sin arealdel samt løyve etter § 20-1, bokstav m til deling av inntil 500 m2 stor tomt til eksisterande hytte på gnr. 29, bnr. 1. Grunngjeving for å gi dispensasjon er at tiltaket vil ikkje endre bruken av bygningen, og LNF-formålet blir ikkje vesentleg tilsidesatt, då arealet allereie er bebygd, kjem ikkje i konflikt med kjende kulturminne, naturverdiar eller naturfarar. Vilkåra for dispensasjon etter plan- og bygningsloven § 19-2 vert sett på som oppfylt.

Prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12 er vurderte i samsvar med § 7. På bakgrunn av tiltakets omfang og karakter finn kommunen at frådelinga ikkje kjem i konflikt med omsynet til naturmangfaldet.

Frådelinga må vere sett i verk innan tre år frå vedtaksdato. Dersom tiltaket ikkje er sett i gang innan denne fristen, fell løyvet bort, jf. plan- og bygningslova § 21-9.

Vedlegg

Les meir expand_more