Habilitet - Finn Håkon Borgi - Sak PS 101/26
Part i saka, nær slekt med ein part, eller verje for ein part (Fvl. § 6 første ledd): Dagfinn Borgi er bror min.
Vedlegg
Innstilling frå kommunedirektøren
Moment i klage som har kome inn er vurdert og saka er vurdert på nytt. Ein viser til saksutgreiinga her og til saksutgreiing og vedtak i sak 78/26.
Klage blir ikkje teke til følge, vedtak i sak 78/26 blir oppretthalde og saka sendast til Statsforvaltaren i Agder for vidare handsaming.
Vedlegg
Forslag frå J. K. Hansen (Sp)
Plan-, miljø- og ressursutvalet tek klaga frå Dagfinn Borgi til følgje og omgjer vedtak i sak 78/26. Med heimel i plan- og bygningslova § 26-1 gir utvalet løyve til frådeling av om lag 1 500 m² frå gnr. 27, bnr. 1, til gnr. 27, bnr. 36.
Begrunning:
Utvalet legg vekt på at arealet er avsett til bustadføremål i kommuneplanen, og at skifte av eigar ikkje er til hinder for framtidig utbygging. Tvert imot vil det vere lettare å nå målet i areal- og samfunnsplan om bustadbygging om ein ser arealet i samanheng med kjøpers eigedom, ettersom byggjegrensene langs veg og høgspentlinje avgrensar moglegheita for ei attraktiv sjølvstendig tomt. Området sett av til bustad som blir att i vest er smalt og ligg heilt opp i tunet, foringsplass og gjødselkjeller til eksisterande gardsdrift, og vil uansett ikkje vere teneleg til bustadbygging. Frådelinga gir ei meir tenleg utnytting av arealet. Utvalet vurderer at frådelinga ikkje set eksisterande planverk til side, at fordelene er større enn ulempene, samt at det ikkje fører til vesentlege ulemper for naboar, infrastruktur, kulturlandskap eller naturmangfald.