Innstilling frå kommunedirektøren
1) I medhald av plan- og bygningslova § 19-2 blir det ikkje gjeve dispensasjon frå kommuneplanens arealformål LNF-område eller føresegn § 2.1 om plankrav før utbygging for vesentleg terrengingrep og lagringsplass til landbruket på gnr. 57, bnr. 1 i Grendi.
Grunngjeving for avslag er at ein dispensasjon vil sette føremålet med plan- og bygningsloven og kommuneplanens arealdel om plankrav før utbygging vesentleg til side, vilkåra for å gi dispensasjon ikkje er til stades og kommunen kan såleis ikkje gi dispensasjon.
Behandling
Jørund Kvaale Hansen (Senterpartiet) fremja følgjande forslag:
Saka blir utsett til neste planutvalsmøte, der ein starter med ei befaring på tiltaket.
Votering:
vedteke med 3 mot 2 stemmer.
FOR
Arbeidarpartiet (1/1)
Senterpartiet (2/2)
MOT
Høgre (2/2)
Vedtak
Jørund Kvaale Hansen (Senterpartiet) sitt forslag
Saka blir utsett til neste planutvalsmøte, der ein starter med ei befaring på tiltaket.