Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
11:24 Innstilling frå kommunedirektøren
1. Bygland kommunestyre godkjenner revidert intensjonsavtale om formidling av kulturarv i Bygland mellom Bygland kommune, Aust-Agder museum og arkiv (AAma), Agder fylkeskommune og Kulturhistorisk museum (KHM).
2. Kommunestyret sluttar seg til målsettinga om å utvikle Bygland som ei samanhengande kulturhistorisk forteljing, der kulturminne, arkeologiske funn, historiske stader, tradisjonar, natur- og næringshistorie vert sett i samanheng.
3. Konkrete tiltak og prosjekt som følgjer av intensjonsavtalen skal konkretiserast gjennom handlingsplanar og eigne avtalar. Tiltak som medfører økonomiske forpliktingar utover vedtekne budsjettrammer, skal handsamast på ordinær måte i kommunen sine budsjett- og økonomiplanprosessar.
FOR
5 Kjell Rune Heia Uavhengig Tor Kasin Senterpartiet Vigdis Beisland Senterpartiet Knut Vatsend Høgre Runar Flåt Granheim ArbeidarpartietMOT
011:24 Forslag frå R. F. Granheim (Ap)
Til avtalen, etter innspel frå samarbeidspartane:
Som avtalepart skrive Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (KHM) som avtale part (ikkje berre museet).
Pkt 2 flyttast til å vere øverst, med overskrifta «Bakgrunn for avtalen».
Pkt 3 (Tiltak for Bygland kommune), nederste avsnitt om Agder Fylkeskommune. Flytte dette til pkt 4.
Pkt 5 (Utlånsavtaler), legge til det i parantes:
Likeins kan det vere aktuelt med utlån frå den arkeologiske samlinga til AAma etter nærare avtale, (og etter museets vanlege vilkår for utlån.)