Innstilling frå PMR
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 vedtek kommunestyret detaljreguleringsplanen for Rv. 9 Frøysnes (planID 202301) med dei endringane i reguleringsføresegnene og plankart som lista opp under. Kommunestyret vurderar at endringane ikkje er av ein slik karakter at dei utløyser krav om nytt offentleg ettersyn etter plan- og bygningslova § 12-10.
Føresegner
• Før oppstart av anleggsarbeid skal det utarbeidast ein drikkevasssplan. Planen skal kartleggje eksisterande drikkevassskilder som kan bli berørt av tiltaket, vurdere risiko for påverknad i anleggs- og driftsfasen og beskrive naudsynte tiltak for å førebygge skade, forureining eller bortfall av drikkevasssforsyning. Drikkevassplanen skal føreligge før anleggsarbeida startar.
• Det er tillate å etablere, ha og vedlikehalde private vass-, avløps- og kabelanlegg innanfor areal regulert til køyreveg og annan veggrunn – tekniske anlegg. Føresegna gir ikkje rett til bruk av veggrunn eller annan manns grunn, men avklarer at slike tekniske anlegg er tillatt og forenleg innanfor planføremålet
Plankart
• Leggje til rette for landbruksveg klasse 7 ved driftstilkomst mellom pel 7800 – 8130.
• Regulere inn snuplass ved Toptenes til å gjelde for traktor med hengar.
• Snuplass og veg ved f_KV2 må utvidast til å gjelde for vogntog med hengar.
Endring av føresegner og plankart skal vere utført før planen blir kunngjort.
#4 og #14 erstattast av:
#4 – Det skal etablerast landbruksveg klasse 7 innanfor området, med tilkopling til dei regulerte avkøyrslene i sør og nord. Eksisterande traktorvegar vest for landbruksvegen skal koplasttil denne. Landbruksvegen i klasse 7 skal koplast i hop med oppstillingsplassen for tømmerbil. Landbruksvegen og oppstillingsplassen skal vere felles for gnr. 18 bnr. 5, og 8 samt gnr. 19 bnr. 1 og 2.
Planutvalet ber kommunedirektør svare ut innspel frå 1. høringsrunde som ikkje no er svart ut, og legge ved dette til sakshandsaminga i kommunestyret.