Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå formannskapet

Innstilling Publisert

1. Bygland kommunestyre godkjenner revidert intensjonsavtale om formidling av kulturarv i Bygland mellom Bygland kommune, Aust-Agder museum og arkiv (AAma), Agder fylkeskommune og Kulturhistorisk museum (KHM).

2. Kommunestyret sluttar seg til målsettinga om å utvikle Bygland som ei samanhengande kulturhistorisk forteljing, der kulturminne, arkeologiske funn, historiske stader, tradisjonar, natur- og næringshistorie vert sett i samanheng.

3. Konkrete tiltak og prosjekt som følgjer av intensjonsavtalen skal konkretiserast gjennom handlingsplanar og eigne avtalar. Tiltak som medfører økonomiske forpliktingar utover vedtekne budsjettrammer, skal handsamast på ordinær måte i kommunen sine budsjett- og økonomiplanprosessar.

Til avtalen, etter innspel frå samarbeidspartane:

Som avtalepart skrive Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (KHM) som avtalepart (ikkje berre museet).

Pkt 2 flyttast til å vere øverst, med overskrifta «Bakgrunn for avtalen».

Pkt 3 (Tiltak for Bygland kommune), nederste avsnitt om Agder Fylkeskommune.

Flytte dette til pkt 4.

Pkt 5 (Utlånsavtaler), legge til det i parantes:

Likeins kan det vere aktuelt med utlån frå den arkeologiske samlinga til AAma etter nærare avtale, (og etter museets vanlege vilkår for utlån.)

Vedlegg

Les meir expand_more