01
Forslag frå Å. Haugetveit (Sp)
Forslag
Publisert
Framtidig handsaming av Åraksbø grendehus
Sak 62/26 om avhending av kommunale eigedomar vart trekt før politisk handsaming. I framlegget låg det inne at Åraksbø grendehus skulle tilbydast vederlagsfritt til grendelaget, og alternativt leggjast ut for sal med ei prisantyding på kr 500 000.
Før ei ny sak om framtidig eigarskap til Åraksbø grendehus blir lagt fram, meiner eg kommunestyret må få eit heilskapleg og dokumentert avgjerdsgrunnlag. Eg ber derfor om at ei ny sak minimum gjer greie for:
- Avtalen frå 1979: kva rettar og plikter avtalen framleis inneber, og kva betydning han har ved eventuell overføring eller sal.
- Bruk, inntekter og kostnader: all bruk av huset, også gratis bruk, leigeinntekter og faktiske kommunale drifts- og vedlikehaldskostnader.
- Dugnad og lokal drift: omfanget og verdien av dugnadsarbeidet og den praktiske drifta grendelaget utfører.
- Reell økonomisk effekt: kva kommunen faktisk vil spare ved avhending, sett opp mot salsinntekt, tap av leigeinntekter og framtidige kostnader.
- Areal og eigedomsforhold: parkerings-/oppstillingsplass, leikeplass og eigedomsgrenser, og kva areal og rettar som høyrer til eigedomen.
- Fibersentralen på eigedomen: rettsleg og avtalemessig status, eventuell avtale med Altibox/nettoperatør, tinglyste rettar, rett til tilkomst, straumforsyning, drift og vedlikehald, ansvar og korleis dette skal handterast ved eigarskifte.
- Barn, unge og samfunnsfunksjon: konsekvensar for barn og unge, frivilligheit og den lokale møteplassen, inkludert dagens bruk og framtidig behov.
- Kommuneplanen: korleis alternativa står seg mot kommunen sine mål om bulyst, gode oppvekstvilkår, sosiale møteplassar, frivilligheit og levande bygdelag.
- Samla bygningsmasse: Åraksbø grendehus sett i samanheng med den samla kommunale bygningsmassen, og kva kriterium kommunen nyttar for å prioritere kva bygg som eventuelt skal avhendast.
- Alternative modellar: også vidareføring av dagens modell med kommunen som eigar og grendelaget som aktiv drifts- og dugnadspart, eventuelt gjennom ein tydelegare driftsavtale.
Spørsmål:
Kan ordføraren/kommunedirektøren stadfeste at desse forholda blir utgreidde og lagde fram før spørsmålet om framtidig eigarskap til Åraksbø grendehus kjem tilbake til politisk handsaming?
Vedlegg
Les meir
expand_more