Forslag frå R. F. Granheim (Ap)
Orientering og drøfting v/ ordførar
Endre møtedato for neste møte i formannskapet fra 3.12 til 2.12.
Politisk sekretariat ber om ei avklaring i denne saka.
Etter det eg har funne ut av treng vi ikkje ei eiga politisk sak på dette, men at det held at formannskapet drøfter saka.
Det handlar om kva praksis vi vil ha i høve protokoll i høve representantar som har meldt seg ut av det partiet dei gjekk til val på.
Etablert praksis hjå oss er at desse står som uavhengig.
Det varierer rundt i kommunane kva som er praksis. Nokre har eigne vedtak på dette, som til dømes Froland kommune, medan Vegårshei til dømes ikkje har det.
Kommuneloven er ikkje konkret på dette punktet, etter det eg har klart å finne ut.
Det er altså ikkje noko i vegen for at det kan stå kva parti representanten har meldt seg inn i.
Mitt forslag er at det frå no av blir oppgjeve i protokollen kva parti representanten tilhøyrer. Ein føresetnad er at partiet finnast og er etablert i kommunen. Dersom representanten ikkje har meldt seg inn i noko anna parti, vil det framleis stå uavhengig.