Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå kommunedirektøren

Innstilling Behandlet

FRAMLEGG TIL INNSTILLING – BUDSJETT 2027

Framlegg til årsbudsjett for Bygland kommune for 2027, med tilhøyrande føresetnader, blir fastsett som Bygland kommune sitt årsbudsjett for 2027.

Skattesatsar/marginavsetning

Skatten for 2027 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek. For eigedomsskatteåret 2027 skal det skrivast ut eigedomsskatt på kraftverk og kraftnett jf. eigedomsskattelova § 3 1. ledd bokstav c.

Kommunale avgifter og betalingssatsar

Bygland kommune legg opp til 100 % dekningsgrad på kommunale avgifter, med unntak av årsavgift på avløp og vatn. For 2027 blir det følgjande endringar av kommunale avgifter og betalingssatsar:

• Årsavgift for vatn – fastgebyr blir auka med 5,3 %

• Årsavgift for vatn – forbruksgebyr blir auka med 5,3 %

• Årsavgift for avløp – fastgebyr blir redusert med 1,0 %

• Årsavgift for avløp – forbruksgebyr blir redusert med 1,0 %

• Tilkoplingsavgift for vatn blir ikkje endra

• Tilkoplingsavgift for avløp blir ikkje endra

• Slamtømmeavgift (ordinær tømming) blir ikkje endra

• Andre slamtømmeavgifter blir ikkje endra

• Renovasjonsavgift hus blir auka med 27,0 %

• Renovasjonsavgift hytte blir auka med 27,0 %

• Feieavgift blir ikkje endra

Det er ikkje ordinær slamtømming i 2027. Slamgebyra blir ikkje endra samanlikna med 2026.

For ein standard bustad på 150 kvm, som er kopla på kommunale VA-anlegg, er den vekta auken i samla årsgebyr for vatn, avløp, renovasjon og feiing berekna til om lag 4,8 %. Dette tilsvarar ei auke på om lag 938 kr gjennom heile året.

Låneopptak

Det blir lagt opp til eit finansieringsbehov ved lån/ubrukte lånemidlar til investering på 16,065 millionar i 2027. Før ein tek opp nytt lån, blir ubrukte lånemidlar frå året før nytta. Opptak av startlån er budsjettert med inntil 30 mill., for å ha fleksibilitet til å ta opp lån viss behovet melder seg.

Andre forhold

1. Kommunedirektøren får fullmakt til å fordele løyving til følgjande føremål ut på den einskilde resultateining:

• Løyving til lønsauke og auka pensjonsutgifter.

• Løyving til opplærings- og utviklingstiltak samt velferdsmidlar.

2. Kommunedirektøren får fullmakt til naudsynte tiltak for å gjennomføre vedtaket om minsteavdrag.

3. Kommunedirektøren får fullmakt til å bruke av, og avsette midlar til einingsfond.

4. Kommunedirektøren får fullmakt til å gjennomføre strykningar dersom driftsrekneskapet vert gjort opp med underskot.

5. Kommunedirektøren får fullmakt til å prioritere finansiering av investeringsrekneskap innanfor budsjett.

6. Det er ikkje budsjettert med bruk av ordinært disposisjonsfond i 2027. Bruk av, og avsetning til, andre disposisjonsfond er fordelt som følger:

Merk at avsetninga til flyktningefondet bidreg til å «pynte» på netto driftsresultat med tilsvarande sum.

Generelt

Kommunestyret vil presisere at budsjettet er bindande. For det einskilde budsjettområde gjeld reglane om delegert budsjettmynde innanfor netto driftsramme. Utover dette viser ein til kommunen sitt økonomireglement.

I budsjettet er det teke atterhald om storleiken på auken i utgiftene til IKS og A/S der kommunen er deltakar. Dette skal samordnast på rådmannsnivå og i Setesdal interkommunalt politiske råd (SIPR) før endeleg løyving vert fastsett. Budsjettert overføring til SIPR er under føresetnad at alle deltakarkommunane er samde om deltakarstøtta.

FRAMLEGG TIL INNSTILLING – ØKONOMI- OG HANDLINGSPLAN 2027-2030

1. Økonomi- og handlingsplan for perioden 2027-2030 blir vedtatt i samsvar med kommunedirektøren sitt framlegg.

2. Driftsrammer og investeringsrammer i økonomiplanen for perioden 2027-2030 vert lagt til grunn for planlegginga av den kommunale drifta.

3. Bruk av, og avsetning til, ordinært disposisjonsfond og andre disposisjonsfond, er som følger i perioden 2027-2030:

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå K. R. Heia (UAV)

Forslag Behandlet

Saken tas til orientering

Vedlegg

Les meir expand_more