Votering er ferdig i denne saken.
Resultat av votering
10:33 Rådmannens innstilling
Hol kommune løyver SMIL tilskot til følgjande søknader, med grunngiving slik den går fram
av vurderinga i saksframlegget:
1 Uthus – tiltak stølsbu / fjellstugu Prestholtseter - kr 144 000
2 Søndrål - rydde beite Holsåsen - kr 25 000
3 Hamarsbøen gard - tiltak stølsfjøs Havsdalen – kr 128 000
4 Geilo hestesenter - rydde beite Geilo – kr 66 000
5 Fosshaug – rydde beite ovanfor Foss kr 5 200
For tilskot til å rydde beite er det eit vilkår om utleige eller eige bruk til beite for husdyr i
minst 10 år etter sluttutbetaling – det er standard vilkår til drift jf. forskrift og retningsliner.
For tilskot til å restaurere gml. stølsbygg er det eit vilkår om at ein brukar opp att materiale
når det let seg gjere og elles utfører arbeidet så det vert mest mogeleg likt det som var
opphavleg .
Kopi av gjødslingsplan må sendast inn ved anmodning om sluttutbetaling jf. krav til drift i
forskrift og retningsliner ( dvs frå leigetakar ved utleige).