Rådmannens innstilling
Hol kommune gir med heimel i konsesjonslova §§ 1 og 9, konsesjon til Åge Haugen ved erverv av landbrukseigedomane gnr 92 bnr 3, gnr 87 bnr 8, gnr 87 bnr 31, gnr 77 bnr 2 og gnr 59 bnr 63.
Desse eigedomane inngår i same driftseining jf. jordlova § 12 sjette ledd og skal eigast og drivast samla. Jordbruksarealet skal leigast ut jf. føresegn i jordlova § 8 viss ein ikkje sjølv skal drive det på jordbruksfagleg god måte.
For å vareta omsynet til busetting i området vert det sett følgjande vilkår om buplikt jf. konsesjonslova § 11:
- Personleg buplikt:
Ervervar Åge Haugen skal flytte til eigedomen når bustadhus på Nord-Skurdalen 101 er sett i stand, ta den som sin reelle bustad og sjølv bu der fast i minst 5 år samanhengande, med oppstart seinast innan 3 år etter dato for overdraging av heimel til eigedom til han.
- Upersonleg buplikt:
Inntil ervervar Åge Haugen flytter til eigedomen og oppfyller vilkår om personleg buplikt skal tidlegare eigar bu på eigedomen i Nord-Skurdalen 99 som i dag jf. avtalt burett i kjøpekontrakt, dersom det ikkje lenger er aktuelt skal dette huset leigast ut til andre fastbuande inntil ervervar sjølv flytter til eigedomen.
Kommunen har ikkje merknadar til kjøpesummen.