Votering er ferdig i denne saken.
Resultat av votering
10:40 Rådmannens innstilling
Hol kommune gir med heimel i konsesjonslova §§ 1 og 9, konsesjon til Emil Poulsen Mæland
ved erverv av landbrukseigedomen gnr 8 bnr 12.
Jordbruksarealet skal leigast ut jf. føresegn i jordlova § 8 inntil eigar sjølv skal drive dette på jordbruksmessig akseptabel måte.
For å vareta omsynet til busetting i området vert det sett følgjande vilkår om buplikt jf. konsesjonslova § 11:
- Ervervar skal flytte til eigedomen og sjølv bu der fast i minst 5 år samanhengande, med oppstart innan 1 år etter dato for overtaking av eigedomen, dvs seinast innan 1. oktober 2027.
Vedtatt