Kommunestyret vedtar språkbruksplan for Hustadvika kommune 2025 – 2029.
Tilleggsforslag: Nynorsk i kommunens kommunikasjon
Gratis kunstig intelligens-verktøy som Wordify kan vere til stor hjelp for tilsette som ikkje føler seg trygge på å skrive på nynorsk. Dette vil gjere det enklare å oppnå mål 2 i språkbruksplanen: «Nynorsk er ein naturleg og synleg del av språket i Hustadvika kommune»
Kommunestyret ber derfor kommunedirektøren om å leggje til rette for meir bruk av nynorsk i skriftleg og digital kommunikasjon framover ved å følgje desse tiltaka:
Presisering av praksis (Språkbruksplanen s. 6): Dersom kommunen mottek brev på nynorsk, er det god praksis å svare ut brevet på nynorsk.
Den tilsette kan bruke gratis kunstig intelligens om han/ho ikkje kjenner seg kompetent til å svare på nynorsk.
Nytt innhald og nye artiklar på heimesida til kommunen i 2025 og 2026 bør vere på nynorsk. Målet er at heimesida skal ha 25% innhald på nynorsk.
Kommunen brukar både nynorsk og bokmål når det blir posta innlegg på sosiale medium.
Kommunen har som mål at 25% av alle politiske sakspapir skal vere på nynorsk.
Hustadvika kommune oppfordres til å arrangere kostnadsfrie nettbaserte språkkurs for ansatte som ønsker det. Forøvrig vedtas ikke språkbruksplanen som framlagt