Det vert med heimel i Alkohollova sin § 1-7 gjeve skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 til Fossøy AS v/ Thomas Arthur Sedwich ved klubbhuset på golfbanen på Fossøy i Vrådal på følgjande vilkår:
1. Det kan bare bli skjenka i områda som vert opplyst i søknaden.
2. Skjenketida vert sett frå kl. 08.00 til 2400 for drikk med mindre enn 22 volumprosent alkohol, kvar dag.
3. Styrar for løyvet er Thomas Arthur Sedwich. Neststyrar er Desislava Cvetanova Mladenova forutsett at ho består prøva.
4. Konsum av utskjenka alkohol skal opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketida sitt opphøyr (§ 4-4).
5. Det er ein føresetnad for skjenkeløyve at drifta til ei kvar tid er i samsvar med krav i Alkohollova og i gjeldande Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Kviteseid kommune.
6. Løyvet er avgrensa fram til 30.09.2028
7. Dei ansvarlege for skjenkestaden må syte for at det er nok med personell/ordensvakter til å handtere ordenssituasjonar på skjenkestaden.
8. Minstegebyret per år er per 01.01.2024 kr. 6 100,- jfr § 7-1.