Kviteseid kommune vedtek å inngå i eit legetenestesamarbeid med Seljord kommune. Ein skal stille krav til hyppig evaluering av ordninga, og syte for moglegheit for å reforhandle vilkåra for avtala om det blir naudsynt. Ordninga skal likevel ta sikte på å være eit permanent samarbeid som sikrar pasientane kontinuitet i fastlegerelasjonen.
Kommunestyret i Kviteseid vil ikkje samarbeide om felles legekontor med Seljord. Administrasjonen skal snarast lyse ut ledige stillingar som fastlege i kommunen, innanfor dei rammer som er beskrive i saken for å oppretthalde dagens organisering. Ein oppfordrar til å gå i dialog med aktuelle kandidatar, der ein ser på kombinasjonen av virkemiddel for å skape ei stabil legedekning.
Kommunestyret er også positive til å vere med på eit arbeidsverkstad, men innanfor rammene av kommunelova.
Kommunedirektøren tilrår at Kviteseid kommune vedtek å inngå i eit legetenestesamarbeid med Seljord kommune.
Der ein stiller krav til hyppig evaluering av ordninga og syter for korte oppseiingsfristar for nye avtalar.