Resultat av votering

Eigengodkjenning- Fiskebekk - Straumen

Votering er ferdig i denne saka.

21:02 Innstilling frå formannskapet 30.05.2024

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner kommunestyret detaljreguleringsplan for Fiskebekk-Straumen, planid: 2022002, med planomtale og føresegner med følgjande endringar i føresegnene:

- 2.7: Fellestiltak i planområdet skal givast mest mogleg universell utforming Ved søknad om igangsetjingsløyve til tiltak, skal det gjerast greie for korleis desse omsyna er ivaretekne

- 2.1 Fritidsbustadene skal knytast til kommunalt vatn og avløp/ og eller felles privat VAanlegg

- 3.1.12: Det tillatast ikkje torv på tak frå myr.

- 5.1.3 Endrast til: Det er ikkje tillate å føre opp bygg i flaumsona.

Endra tekst i Rekkefølgjeføresegnene

5.1:Det tillatast ikkje frådeling eller blir gitt byggeløyve før VA-plan for dei nye felta i planområdet er godkjent av teknisk eining i Kviteseid.

Samrøystes vedteke