Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå L. Thorsen (Kommunedirektør)

1. Organisasjonsforma til Vest-Telemark PPT blir endra frå IKS til vertskommune regulert i kommunelova § 20-2. a. Vest-Telemark PPT IKS blir oppløyst innan 01.01.25 – jf. IKS-lova

2. Kommunestyret vedtek Vinje som vertskommune for PPT Vest-Telemark.

a. Vertskommunen startar rekruttering av dagleg leiar så fort som mogeleg, uavhengig av prosessen med verksemdsoverdrag.

b. Kommunestyret føreset at vertskommunen har ein god prosess med dei tilsette i verksemdsoverdraginga.

c. Tilsette som får nytt arbeidsforhold i Vinje blir underlagt same reglar, retningsliner, arbeidsreglement mm. som er gjeldande for tilsette i vertskommunen

3. Kviteseid kommune sluttar seg til samarbeidsavtala som ligg ved saka.