1. Kommunestyret vedtar at punkt 4.1. Annan ankerett blir tatt vekk frå Kviteseid kommune sitt møtereglement.
2. Kommunestyret vedtar at det skal vera ei vekes frist for innkalling til politiske møte i Kviteseid kommune.
Møtereglementet blir vedtatt slik det ligg føre i saksutgreiinga.
Kommunestyret vedtek reglementet slik det ligg føre med tillegg
4.2 Annan ankerett
Ordførar, kommunedirektør eller minst tre medlemer av kommunestyret, kan skriftleg anke eit vedtak fatta av eit utval underordna kommunestyret inn for kommunestyret eller næraste overordna organ innan 3 virkedagar etter at dei er gjort kjent med vedtaket.