Resultat av votering

Svar på søknad om tilskot - Kosmokopter AS

Votering er ferdig i denne saka.

10:53 Innstilling frå L. Thorsen (Kommunedirektør)

Kviteseid kommune løyver kr. 40 000 til Kosmokopter A/S v/ Eirik Sandåker Fjeldstad. Pengane skal brukast til dei skisserte tiltaka i søknaden.

a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet.

b) Pengane vert å take frå bunde næringsfond; konto 147000, ansvar 4303, teneste 3250

Saldo på bunde næringsfond pr. november 2024 er før tilrådd løyving kr. 83 000

Saldo på bunde næringsfond pr. november 2024 er etter tilrådd løyving kr. 43 000

Vedteke

FOR

5
Stian Hauge Senterpartiet Ellen Eggebø Jore Kristeleg Folkeparti Gunnar Ruud Høgre Solveig Nekstad Grave Arbeidarpartiet Bjørn Håvard Olsen Arbeidarpartiet

MOT

2
Dordi Iren Fosse Didriksen Senterpartiet Tarjei Andreas Draugedal Kristeleg Folkeparti