← Tilbake

Sak 6/2024 - Budsjett 2025 - Økonomiplan 2026-2028

01
Innstilling frå L. Thorsen (Kommunedirektør)
Innstilling
Behandlet

Finansiering av prosjekta i 2025 foreslår kommunedirektøren eit låneopptak på kr 16 986 000,- kr 400 000,- sal av tomter, kr 10 500 000,- sal av kommunale bygg, kr 4 384 000,- i Momskompensasjon og kr 715 000,- overføring frå drift.

  1. Handlingsprogram og økonomiplan Handlingsprogram for 2025 og økonomiplan 2026 - 2028, med vedlegg (taldel) skal leggjast til grunn for Kviteseid kommune si verksemd i perioden.

    • Sjølvkostområder Kviteseid kommune skal ha 100 % kostnadsdekning for inneverande og framtidige år. Vedtaket gjeld følgjande områder: vann, avløp og feiing. Området slamtømming og renovasjon er regulert av gjeldande lovverk.

      • Gebyr, avgifter brukarbetaling Gebyr, avgifter og brukarbetaling blir fastsett i samsvar med tabellar i taldelen av budsjettframlegget. Gebyr knytt til saker etter plan- og bygningslova og delingslova blir vedteke i eiga sak som følgjer budsjettet.

        • Inntektsramme for drifta Driftsbudsjettet for 2025 vert vedteke slik det går fram av skjema bevilgningsoversikt drift og økonomisk oversikt etter art - drift

          • Investeringar. Kommunestyret vedtek investeringar og finansiering for 2025 i tråd med tabellane bevilgningsoversikt – Investering og detaljert oversyn investeringar med finansiering i budsjettframlegget.

            • Låneopptak Kommunedirektøren får fullmakt til å ta opp lån på inntil 16 986 000,- i 2025 og startlån på kr 5 000 000,-

              • Eigedomsskatt For eigedomsskatteåret 2025 skal det skrivast eigedomsskatt på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, jf. eigedomsskattelova § 3 første ledd bokstav c. Den alminnelege eigedomsskattesatsen for skatteåret 2025 er 7 promille. Jf. eigedomsskattelova § 11 første ledd. Eigedomsskatten vert skriven ut i tre terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 første ledd. For eigedomsskatteåret 2026 vert det skrive ut eigedomsskatt for eigedomar med sjølvstendige bustadeler og fritidsbustader, for skatteåret 2026 er 1.promille, jf. eigedomsskattelova § 12, bokstav a.

                Vedlegg

                Les meir
                02
                Forslag frå T. A. Draugedal (KrF)
                Forslag
                Behandlet

                Budsjett blir tatt til vitande og realitetsbehandla i formannskapet 21.11. Innspel frå tillitsvalgte blir tatt med.

                Vedlegg

                Les meir