Forslag

Ny finanisering av klinisk veterinærvakt i Vest-Telemark vaktområde med Hjartdal

01
Innstilling frå L. Thorsen (Kommunedirektør)
Innstilling
Behandlet

Kviteseid kommunestyre set av 317 000 kr i 2024-budsjettet for å sikre klinisk veterinærvakt for Vest-Telemark vaktområde inkl. Hjartdal. Budsjettverknad for 2025 blir 327 000 kr etter 3% forventa prisvekst. Midlane skal dekke mellomlegget mellom veterinærane sitt ynskje og statleg tilskot for drift av klinisk veterinærvakt for Vest-Telemark vaktområde inkl. Hjartdal utanom ordinær arbeidstid.

Eventuell auke i statlege rammeoverføringar går til frådrag i kommunen sin eigenandel.

Vaktordninga skal møte følgjande kvalitetskrav:

- Vakta skal gjennomføre inseminering på storfe.

- Både hovud- og bakvakt skal vere utdanna veterinær.

- Ein av vaktene skal til ei kvar tid vere tilgjengeleg i vaktdistriktet.

- Oppseiingstid for vaktavtalen er eitt år, gjeldande frå 1.1 i det påfølgjande året for oppseiinga.

Det er ein føresetnad at dei andre kommunane i Vest Telemark og Hjartdal gjer same vedtak.

Vedlegg

Les meir