Resultat av votering

Søknad om tilskot - Vrådal grendehus

Votering er ferdig i denne saka.

10:57 Innstilling frå L. Thorsen (Kommunedirektør)

Kviteseid kommune løyver kr. 40 000 til Vrådal grendehus v/ Heidi Svalestuen. Pengane skal brukast til dei skisserte tiltaka i søknaden. a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet.

b) Pengane vert å take frå fritt næringsfond; konto 147000, ansvar 4302, teneste 3250

Saldo på fritt næringsfond pr. januar 2025 er før tilrådd løyving kr. 123 000

Saldo på fritt næringsfond pr. januar 2025 er etter tilrådd løyving kr. 83 000

Samrøystes vedteke