Kommunestyret vedtek framlagte retningsliner med endringar lagt fram i møte for sal av kommunale eigedom og tomter
Stryke setningen
"Det er kommunestyret som vedtar prisar på kommunale tomter. Dei fleste av dei kommunale tomtene har ein pris på kr. 100 000. På feltet B8 Midtsundåsen ligger prisane på kr 250 000 – 350 000."
frå retningslinene
Endre avsnittet i retningslinene som omhandlar kriteria for sal av næringstomter i Brunkeberg til:
"Målet er å skape arbeidsplassar og næringsaktivitet på kommunens næringsareal.
Prisantyding er kr 100/m2.
Er det fleire interessentar til det same arealet, skal kommunedirektøren sin leiargruppe vurdere kven som i sum gjer best utnytting av området. Vurderer leiargruppa det til at fleire kjøparar er like godt eigna og interessante, skal det gjennomførast bodrunde."