Resultat av votering

Svar på søknad om skjenkeløyve - Kilen camping AS

Votering er ferdig i denne saka.

19:02 Innstilling frå L. Thorsen (Kommunedirektør)

Det vert med heimel i Alkohollova sin § 1-7 gjeve skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 til Kilen Camping AS v/ Kai Rune Aasen på følgjande vilkår:

1. Det kan bare bli skjenka i områda som vert opplyst i søknaden.

2. Skjenketida vert sett frå kl. 12:00 til 01:00 for drikk med mindre enn 22 volumprosent alkohol, kvar dag.

3. Styrar for løyvet er Kai Rune Aasen, neststyrar er Hilde Skjervik Gustasen Skjauff.

4. Konsum av utskjenka alkohol skal opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketida sitt opphøyr (§ 4-4).

5. Det er ein føresetnad for skjenkeløyve at drifta til ei kvar tid er i samsvar med krav i Alkohollova og i gjeldande Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Kviteseid kommune.

6. Løyvet er avgrensa fram til 30.09.2028.

7. Dei ansvarlege for skjenkestaden må syte for at det er nok med personell/ordensvakter til å handtere ordenssituasjonar på skjenkestaden.

8. Minstegebyret per år er per 01.01.2025 kr. 6.400,- jfr § 7-1.

Vedteke

FOR

17
Magnus Kvalbein Venstre Bjørn Thore Kvålseth Senterpartiet Tayana Saoli Senterpartiet Dordi Iren Fosse Didriksen Senterpartiet Gunnar Gulliksen Senterpartiet Joachim Wikse Bentsen Kristeleg Folkeparti Ellen Eggebø Jore Kristeleg Folkeparti Thor Arne Heggtveit Kristeleg Folkeparti Tarjei Andreas Draugedal Kristeleg Folkeparti Jonn Foldøy Kristeleg Folkeparti Anne Birgit Sollid Høgre Gunnar Ruud Høgre Inger Auestad Arbeidarpartiet Bjørn Håvard Olsen Arbeidarpartiet Einar Leiv Søreide Arbeidarpartiet Solveig Nekstad Grave Arbeidarpartiet Tone Martinsen Heggtveit Arbeidarpartiet

MOT

0