Kviteseid kommune gjev Olaug Anette Gravir Rønningen og Stein Jarle Rønningen løyve til deling av landbrukseigedomen gnr. 20 bnr. 3 Kåsa, der gnr. 20 bnr. 21 Grosvoll vert delt frå driftseininga.
Ein grunngjev vedtaket med at ein ynskjer å styrke busettinga i kommunen.
Det vert sett vilkår om upersonleg buplikt f.o.m. 2029 for gnr. 20 bnr. 21 dersom eigedomen skiftar eigarhand.
Dersom gnr. 20 bnr. 21 ikkje skiftar eigar som sjølvstendig eigedom innan 2029 fell delingsløyvet bort.
Saka er vurdert i medhald av jordlova og delegert mynde til kommunen.