Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
10:25 Innstilling
Formannskapet gjev dispensasjon frå kommuneplanen §2.1 ved å tillate bygging av båthus, brygge og steinmur på desse vilkåra
• Båthuset må vera maksimalt 40m2 BYA, maks mønehøgde på 3,5m og gesimshøgde på 2,7m. Det må tilpassast eksisterande bygnings- og kulturmiljø.
• Bygginga av landfast brygge må skje utan utfylling og for store inngrep i Nisser. Lengda må ikkje vere lengre enn nødvendig mtp reguleringa av Nisser og bredda kan maks vera på 5m.
• Brygga må byggast etter retningslinjene for flytebrygger godkjent av formannskapet 01.06.2011 i utvalssak 56/11.
Dersom utfylling i Nisser må det søkjast Statsforvaltaren.
o Storleik og plassering av brygger/flytebrygger skal avgjerast av formannskapet ved søknad om dispensasjon.
o dekke på brygge skal vere i treverke eller betong
o ikkje nytte trevirke av tropisk slag o flyteelement av luftfylte pontongar.
o det skal ikkje nyttast signalfargar
o det må dokumenterast naudsynt parkeringsareal og ev. avkjørsel
o brygger/flytebrygger er søknadspliktig jfr. Pbl § 20-2 (utan ansvarleg føretak)
o det er krav om sertifisering/godkjenning av prefabrikerte flytebrygger
o tiltakshavar må utarbeide nødvendig dokumentasjon prosjektering/utføring for plassbygde brygger/flytebrygger (treng ikkje leggast ved søknaden).
• Rehabiliteringa av erosjonsmur langs vasskanten skal gjerast forsvarleg og må ikkje byggast høgare enn dagens terrengnivå.