Hopp til hovudinnhaldet

K - Oppstart av planarbeid - Vrådal massetak

01

Innstilling

Innstilling Behandlet

Kommunedirektøren viser til at planområdet i gjeldande kommuneplan er avsett til LNFR-formål med omsynssone for friluftsliv og gul støysone, og at tiltaket inneber vesentlege inngrep i natur og landskap, og dessutan auka trafikkbelastning. Saka har allereie skapt stor merksemd og kommunedirektøren tilrår difor at formannskapet gjer tydeleg signal om vidare arbeid og om det finns politisk vilje til å gi unnatak frå kommuneplanen.

Alternativ 1: Det er ikkje vilje til å gje unnatak frå kommuneplanen til planarbeid for Vrådal massetak.

Alternativ 2: Planforslaget (massetak) blir teke opp som innspel ved framtidig rullering av kommuneplanens arealdel.

Vedlegg

Les meir expand_more