Eigarskapskontroll Kviteseid kommune
Innstilling
Kommunestyret tek rapporten «Eigarstyring i Kviteseid kommune» til orientering.
Kommunestyret ber ordførar og administrasjonen om å:
• revidere og handsama eigarskapsmeldinga som planlagt, og sjå til at eigarskapsmeldinga også er i tråd med tilrådingane frå KS for god eigarstyring
• sørge for folkevaltopplæring i eigarskap og at kommunestyret årleg får informasjon om selskapa
• i samarbeid med dei andre eigarane ta stilling til behovet for jamlege eigarmøte med dei ulike selskapa, og etablere rutinar som samsvarar med desse vurderingane • sikre at eigarrepresentant i generalforsamling og representantskap er oppnemnt/valt i tråd med gjeldande lovkrav
• treffe tiltak for å sikre politisk forankring av eigarsaker
• treffe tiltak for å sikre styreval i tråd med krav og tilrådingar, til dømes numerisk vara og grunngitt innstilling frå valnemnd
• vurdere praksisen med gjennomgåande styre i selskapa sine eigarorgan.