Hopp til hovudinnhaldet

Svar på søknad om tilskot - Tollef Grønvolds Skogsdrift AS

01

Innstilling

Innstilling Behandlet

1. Kviteseid kommune løyver eit tilskot på kr.190 000 til Tollef Grønvolds Skogsdrift AS. Pengane skal brukast til dei skisserte tiltaka i søknaden.

a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet.

b) Pengane vert å take frå bunde næringsfond; konto 147000, ansvar 4303, teneste 3250 Saldo på bunde næringsfond pr. august 2025 er før tilrådd løyving kr. 190 000 Saldo på bunde næringsfond pr. august 2025 er etter tilrådd løyving kr. 0

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Endringsforslag frå S. Hauge (Sp)

Endringsforslag Behandlet


  1. Tilskot (betinga): Kviteseid kommune gjev Tollef Grønvolds Skogdrift AS eit betinga tilskot på inntil kr 190 000 frå bunde næringsfond (konto 147000, ansvar 4303, teneste 3250) til oppgradering av areal og tiltak knytt til verksemdas næringsdrift (lager, verkstad, logistikk, HMS og tekniske anlegg for maskinpark/utstyr).
    • Ikkje til forlegningskapasitet: Tilskotet kan ikkje nyttast til tiltak for forlegning/overnatting/bustad, herunder rom, våtrom, kjøkken, inventar, eller brann-/rømnings- og tekniske installasjonar knytt til overnatting. Midlane skal berre nyttast til næringsføremål.
      • Bruksendring – mellombels forlegning, industriformål består: Før utbetaling skal søkjar dokumentere at det for eventuelle overnattingsareal i bygget ligg føre vedtak om mellombels (tidsavgrensa) bruksendring til forlegning etter pbl. § 20-1. Reguleringsformålet for eigedomen skal framleis vere industriformål, og vedtaket inneber ikkje støtte til eller krav om omregulering. Eventuelle vilkår i byggjesaksvedtaket skal vere oppfylte.
        • Klargjering og avgrensing av tiltak: Søkjar skal klargjere formål og arealbruk ved å levere planteikningar/arealoversikt som skil mellom næring og forlegning, samt eit kostnadsbudsjett som viser kva postar det søkjast støtte til. Det skal førast eige prosjektrekneskap for støtteberettiga kostnader.
          • Utbetaling og kontroll: Tilskot vert utbetalt etterskotsvis mot spesifiserte og attesterte bilag som dokumenterer at punkt 2–4 er oppfylte. Kviteseid kommune kan gjennomføre kontroll av bruken av midlane. Dersom vilkåra ikkje vert følgde, eller opplysningane i søknaden viser seg å vere feil, kan tilskotet heilt eller delvis krevjast attende.
            • Frist: Vedtaket fell bort dersom vilkåra ikkje er oppfylte og krav om utbetaling ikkje er sendt kommunen innan 12 månader frå vedtaksdato. Kommunedirektøren kan presisere kva kostnadspostar som er støtteberettiga innanfor ramma av dette vedtaket.

              Merknad:

              Saldo på bunde næringsfond pr. august 2025 er kr 190 000 før løyving og 0 etter løyvinga i punkt 1.

              Vedlegg

              Les meir expand_more