Innstilling
Kommunedirektøren tilrår kommunestyret å inngå ei leigeavtale med politiet om kontor på kommunehuset.
Behandling
Stian Hauge (Senterpartiet) fremja følgjande forslag på vegne av Sp, H, Sp, H, Sp, H, Sp, H:
Kommunestyret vedtek:
- Avslag på leige av 22 m² kontor i kommunehuset til politiet slik det er skildra i saksframlegget.
- Kviteseid har ein politistasjon (tenestestad). Denne skal ikkje reduserast til utekontor/«cellekontor» på kommunehuset.
- Kommunen er positiv til samlokalisering med domstolane, men berre dersom infrastrukturen som høyrer til ein politistasjon er på plass, herunder minst: , minst to kontorarbeidsplassar, publikumsinngang med sikkerheitssluse, og sikker oppbevaring av våpen og utstyr.
- Kommunedirektøren jobbar videre med å inngå en leieavtale med politiet i kommunehuset etter å ha gjennomført en ROS-analyse, og i samarbeid med politiet kommet fram til en god løsning på lokalitetene.
- Kommunestyret presiserer at Kviteseid politistasjon skal bestå som tenestestad.
Bjørn Håvard Olsen (Arbeidarpartiet) fremja følgjande forslag på vegne av Ap, V:
Kommunestyret ber kommunedirektøren å jobbe videre med å inngå en leieavtale med politiet i kommunehuset etter å ha gjennomført en ROS-analyse, og i samarbeid med politiet kommet fram til en god løsning på lokalitetene.
Vedtak
Innstilling fallen med 0 mot 17 stemmer.
FOR
MOT
Arbeidarpartiet (5/5)
Høgre (2/2)
Kristeleg Folkeparti (5/5)
Senterpartiet (4/4)
Venstre (1/1)
Stian Hauge (Senterpartiet) sitt forslag vart sett opp mot Bjørn Håvard Olsen (Arbeidarpartiet) sitt forslag
Stian Hauge (Senterpartiet) sitt forslag vart vedteke med 10 mot 7 stemmer.
Forslag frå Sp og H
Høgre (2/2)
Kristeleg Folkeparti (4/5)
Senterpartiet (4/4)
Forslag frå Ap og V
Arbeidarpartiet (5/5)
Kristeleg Folkeparti (1/5)
- Tarjei Andreas Draugedal
Venstre (1/1)