Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

10:50 Innstilling

Det vert med heimel i Alkohollova §1-7 gjeve salsløyve for alkoholhaldig drikk inntil 22 volumprosent alkohol på følgjande vilkår:

1. Det blir kun selt i områda som vert opplyst i søknaden.

2. Salstida for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 (inntil 22 volumprosent alkohol) er sett til: kl.11:00- 20:00 måndag-fredag og kl.11:00-18:00 laurdag og dagar før heilagdagar unnateke dagen før Kristi Himmelfartsdag.

3. Styrar for løyvet er Gunn Marit Sanden. Det gis fritak frå neststyrar.

4. Løyvet er avgrensa fram til 30.09.2028

5. Minstegebyr for salsløyve per 1.1. 2025 på kr 2 070,- per år, jfr Alkohollova § 7-1

Samrøystes vedteke