Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling

1. Handlingsprogram og økonomiplan Handlingsprogram og budsjett 2026 og økonomiplan 2027 – 2029 skal leggjast til grunn for Kviteseid kommune si verksemd i perioden.

2. Sjølvkostområder Kviteseid kommune skal ha 100 % kostnadsdekning for inneverande og framtidige år. Vedtaket gjeld følgjande områder: vatn, avløp og feiing. Området slamtømming og renovasjon er regulert av gjeldande lovverk.

3 .Gebyr, avgifter brukarbetaling Gebyr, avgifter og brukarbetaling blir fastsett i samsvar med tabellar i budsjettframlegget. Gebyr knytt til saker etter plan- og bygningslova og delingslova blir vedteke i eiga sak som følgjer budsjettet.

4. Inntektsramme for drifta Driftsbudsjettet for 2026 vert vedteke slik det går fram av skjema bevilgningsoversikt drift og økonomisk oversikt etter art - drift

5. Investeringar. Kommunestyret vedtek investeringar og finansiering for 2026 i tråd med tabellane bevilgningsoversikt – Investering og detaljert oversyn investeringar med finansiering i budsjettframlegget.

6. Låneopptak Kommunedirektøren får fullmakt til å ta opp lån på inntil 21 306 000 ,- i 2026 og startlån på kr 5 000 000,-

7. Eigedomsskatt • For eigedomsskatteåret 2026 skal det skrivast eigedomsskatt på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, jf. eigedomsskattelova § 3 første ledd bokstav c. • Den alminnelege eigedomsskattesatsen for skatteåret 2026 er 7 promille. Jf. eigedomsskattelova § 11 første ledd. • Eigedomsskatten vert skriven ut i tre terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 første ledd.

8. Netto driftsresultat ≥ 1,75% For at kommunens økonomi skal vere berekraftig over tid, vil det ikkje vere nok at ein får ein økonomi i balanse, det er heilt naudsynt at ein også har eit overskot, slik at ein får styrka disposisjonsfondet til kommunen opp til vedteke måltal, som er eit disposisjonsfondet på minimum 5% eller meir av kommunens driftsinntekter. Kommunedirektøren føreslår difor at ein i løpet av fyrste halvår 2026 gjennomfører eit omstillingsprosjekt med mål om at ein frå 2027 skal nå måltalet om eit netto driftsresultat på 1,75% eller meir.

Prosjektet skal gjennomførast vinter/vår 2026 med politisk sak våren 2026. Prosjektet skal gje føringar for budsjettarbeidet 2027. økonomiplan 2028 - 2030

Behandling

Stian Hauge (Senterpartiet) fremja følgjande forslag på vegne av KrF, Sp, H, KrF, Sp, H:

(Ingen tekst)

Stian Hauge (Senterpartiet) fremja følgjande forslag på vegne av KrF, Sp, H, KrF, Sp, H, KrF, Sp, H, KrF, Sp, H:

Drift2026202720282029
Redusert drift omstilling, KI og tverrgåande arbeidsfordeling med likt nedtrekk. på kvart ansvarsområde (0,5 - 5%) kr (2 500 000) kr (6 050 000) kr(12 011 000) kr(12 024 000)
Justert pris sal av konsesjonskraft kr1 140 349 kr1 449 347 kr1 449 347
Saldering av straum frå næringsfondet kr1 000 000 kr1 000 000 kr1 000 000 kr1 000 000
Ingen parellklasser frå 2028 kr(390 000) kr(945 000)
Inntekter omsorgsbustadar kr(590 400) kr(2 361 600) kr(2 361 600)
Heildøgnsbemanna omsorgsbustadar kr4 500 000 kr4 500 000
Auka kapasitet Straumsnes barnehage vår 2026 kr250 000
Planlegge og etablere SFO i Vrådal kr50 000 kr208 333 kr500 000 kr500 000
Redusert straumforbruk 0.5GWh pga energinvesteringar kr170 000 kr340 000 kr510 000 kr510 000
Absoluttprogrammet - Del 2 - Laget rundt bornet 0-1000 kr450 000 kr900 000 kr900 000 kr900 000
Utbytte VTK kr (1 500 000) kr(300 000) kr(300 000) kr(300 000)
Investeringar2026202720282029
Stålandåsen Kviteseid kr (2 500 000) kr (2 500 000)
Eidstod Vrådal kr (2 500 000)
Fasade kommunehuset kr1 500 000
Sentrumsutvikling Kviteseid kr(500 000) kr (2 500 000)
Tømmestasjon bobil Kviteseid kr(200 000)
Ultralydapparat legekontoret kr(100 000)
Renovering leilighet Lundenjordet ved behov kr(750 000)

Bjørn Håvard Olsen (Arbeidarpartiet) fremja følgjande forslag på vegne av Ap, Ap:

Politisk virksomhet reduseres med 5% ( Lønn ordfører, varaordførar, møtegodtgjørelser) .

Dette gir 100 000,- som legges inn til bruk til Prosjekt 1,75 og skal brukes til ekstern bistand i arbeidet.

Utover dette støtter Kviteseid AP kommunedirektørens framlegg til budsjett og økonomiplan.

Gunnar Ruud (Høgre) fremja følgjande forslag:

Evt ekstra rammetilskot knytt til statsbudsjett 2026 vert tilført disposisjonsfondet,

Vedtak

Innstilling vart sett opp mot Stian Hauge (Senterpartiet) sitt forslag

Stian Hauge (Senterpartiet) sitt forslag vart vedteke med 2 mot 5 stemmer.

Innstilling

Arbeidarpartiet (2/2)

Forslag frå Sp, H og KrF

Høgre (1/1)

Kristeleg Folkeparti (2/2)

Senterpartiet (2/2)

Bjørn Håvard Olsen (Arbeidarpartiet) sitt forslag fallen med 2 mot 5 stemmer.

FOR

Arbeidarpartiet (2/2)

MOT

Høgre (1/1)

Kristeleg Folkeparti (2/2)

Senterpartiet (2/2)

Gunnar Ruud (Høgre) sitt forslag samrøystes vedteke.