Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

09:15 Innstilling

Kviteseid kommune meiner at bygningsenergidirektivet (EU) 2024/1275 har viktige mål knytt til energieffektivisering og reduksjon av klimagassutslepp, men peikar på at direktivet kan få store konsekvensar for bygningsvernet om dette ikkje får unnatak, og for eigarar av eldre bygg og kostnaden dette kan ha.

Kommunen tilrår at det i den vidare EØS-prosessen blir lagt vekt på:

• Om energieffektivisering av verna og kulturhistoriske bygg, så må det tilpassast bygninga sine premissar, i tråd med faglege råd frå Riksantikvaren og andre kulturminnemynde.

• At økonomiske konsekvensar for eigarar av eldre bygg blir vurdert, slik at direktivet ikkje medfører urimeleg kostnad.

• At det blir opna for unntak eller fleksible løysingar. Bygningar med særskild bruk, som til dømes sesongbruk bør vurderast.

Kommunen stør målet om redusert energibruk, men meiner at tiltak må vurderast opp mot omsynet til bygningsvern, berekraftig materialbruk, sosial berekraft og dei økonomiske konsekvensane dette kan ha for både den einskilde og samfunnet.

Samrøystes vedteke