Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

18:14 Innstilling

Det vert med heimel i Alkohollova sin § 1-7 gjeve skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1,2 og 3 til GK catering AS v/ Gintautas Mikelskas på følgjande vilkår:

1. Det kan bare bli skjenka i områda som vert opplyst i søknaden.

2. Skjenketida vert sett frå kl. 10:00 til 00:00 for drikk med mindre enn 22 volumprosent og 13:00 til00:00 for drikk med mindre enn 60 volumprosent alkohol, kvar dag.61

3. Styrar for løyvet er Gintautas Mikelskas. Neststyrar er Kristina Mikelskiene.

4. Konsum av utskjenka alkohol skal opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketida sitt opphøyr (§4-4).

5. Det er ein føresetnad for skjenkeløyve at drifta til ei kvar tid er i samsvar med krav i Alkohollova og i gjeldande Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Kviteseid kommune.

6. Løyvet er avgrensa fram til 30.09.2028.

7. Dei ansvarlege for skjenkestaden må syte for at det er nok med personell/ordensvakter til å handtere ordenssituasjonar på skjenkestaden.

8. Minstegebyret per år er per 01.01.2026 kr. 6.600,- jfr § 7-1.9. Vedtaket forutsett at styrar Gintautas Mikelskas består Etablerarprøva for serveringsverksemd i løpet av februar 2026, og neststyrar Kristina Mikelskiene består Kunnskapsprøva i alkohollova for skjenkebevilling i løpet av mars 2026

Samrøystes vedteke