Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

09:15 Forslag frå V. Aufles (Utdanningsforbundet)

KS’ Debatthefte 2026 er meint å vere eit strategisk verktøy for kommunesektoren i møte med framtidas utfordringar. Når det gjeld barnehage og skule – grunnpilarane i velferdstenestene – er dokumentet likevel uklart.

Sektoren blir i hovudsak omtalt gjennom tema som «kva som er godt nok», demografiutfordringar og effektivisering. Det manglar ei drøfting av kvalitet, barn sin rett til likeverdig opplæring, og korleis ein skal sikre rekruttering av kvalifiserte lærarar og barnehagelærarar. Dersom KS ønskjer eit reelt taktskifte, bør det òg omfatte ein tydeleg satsing på kunnskap og oppvekst.

KS har rett i at kommunesektoren må prioritere strengare. Men å tone ned innsatsen for barn og unge er å risikere framtida. Eit faktisk taktskifte krev investeringar i dei yngste – ikkje berre i helse og beredskap. Barnehage og skule må få ein høgare plass i den politiske agendaen, også i KS sine eigne styringsdokument.

Berekraftig velferd betyr å satse på dei unge. Det er dei som skal ta over etter oss.

Vedteke

FOR

9
Villy Aufles Utdanningsforbundet Dordi Iren Fosse Didriksen Senterpartiet Stian Hauge Senterpartiet Ellen Eggebø Jore Kristeleg Folkeparti Tarjei Andreas Draugedal Kristeleg Folkeparti Gunnar Ruud Høgre Gro Heidi Vestgarden Fagforbundet Solveig Nekstad Grave Arbeidarpartiet Bjørn Håvard Olsen Arbeidarpartiet

MOT

0

09:15 Innstilling

Innspel frå Kviteseid kommune til KS’ debatthefte 2026 vert vedtekne slik dei går fram av saka, og sendt til KS.

Vedteke

FOR

9
Villy Aufles Utdanningsforbundet Dordi Iren Fosse Didriksen Senterpartiet Stian Hauge Senterpartiet Tarjei Andreas Draugedal Kristeleg Folkeparti Ellen Eggebø Jore Kristeleg Folkeparti Gunnar Ruud Høgre Gro Heidi Vestgarden Fagforbundet Solveig Nekstad Grave Arbeidarpartiet Bjørn Håvard Olsen Arbeidarpartiet

MOT

0