Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
12:33 Innstilling
Kommunen nyttar den mellombelse fullmakta frå Stortinget og opnar for utvida skjenketid i samband med VM i perioden 11. juni til 19. juli 2026.
Utvida skjenketid kan gjevast fram til kl. 06.00, og gjeld berre for alkohol gruppe 1 og 2 (øl og vin). Skjenking av alkohol gruppe 3 (brennevin) er ikkje tillate.
Ordninga gjeld berre for skjenkestader som viser VM-kampar, og berre i samband med kampar som vert sende direkte.
Skjenkestader må sende melding/søknad til kommunen før dei tek ordninga i bruk. Kommunedirektøren får fullmakt til å fastsetje krav til dokumentasjon.
Det skal stillast krav om forsvarleg vakthald og internkontroll, tilpassa opningstid og forventa publikumsmengde.
Ordninga gjeld kun innandørs.
Kommunen kan trekkje tilbake tilgangen til utvida skjenketid ved brot på vilkår eller regelverk.
Ordninga er mellombels, gjeld berre for VM 2026, og er ikkje presedensskapande.