Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling

Innstilling Behandlet

Kommunen nyttar den mellombelse fullmakta frå Stortinget og opnar for utvida skjenketid i samband med VM i perioden 11. juni til 19. juli 2026.

Utvida skjenketid kan gjevast fram til kl. 06.00, og gjeld berre for alkohol gruppe 1 og 2 (øl og vin). Skjenking av alkohol gruppe 3 (brennevin) er ikkje tillate.

Ordninga gjeld berre for skjenkestader som viser VM-kampar, og berre i samband med kampar som vert sende direkte.

Skjenkestader må sende melding/søknad til kommunen før dei tek ordninga i bruk. Kommunedirektøren får fullmakt til å fastsetje krav til dokumentasjon.

Det skal stillast krav om forsvarleg vakthald og internkontroll, tilpassa opningstid og forventa publikumsmengde.

Ordninga gjeld kun innandørs.

Kommunen kan trekkje tilbake tilgangen til utvida skjenketid ved brot på vilkår eller regelverk.

Ordninga er mellombels, gjeld berre for VM 2026, og er ikkje presedensskapande.

Vedlegg

Les meir expand_more