Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling

Innstilling Behandlet

Det vert med heimel i Alkohollova sin § 1-7 gjeve skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 til Sanden galleributikk v/ Gunn Marit Sanden på følgjande vilkår:

1. Det kan berre bli skjenka i områda som vert opplyst i søknaden.

2. Skjenketida vert sett frå kl. 11:00 til 20:00 for drikk med mindre enn 22 volumprosent alkohol, kvar dag.

3. Styrar for løyvet er Gunn Marit Sanden. Det vert gjeve fritak for neststyrar.

4. Konsum av utskjenka alkohol skal opphøyre seinast 30 minutt etter skjenketida sitt opphøyr (§ 4-4).

5. Det er ein føresetnad for skjenkeløyve at drifta til ei kvar tid er i samsvar med krav i Alkohollova og i gjeldande Rusmiddelpolitisk handlingsplan for Kviteseid kommune.

6. Det må ikkje vere sal og skjenking i same lokale.

7. Løyvet er avgrensa fram til 30.09.2028.

8. Dei ansvarlege for skjenkestaden må syte for at det er nok med personell/ordensvakter til å handtere ordenssituasjonar på skjenkestaden.

9. Minstegebyret per år er per 01.01.2026 kr. 6.600,- jfr § 7-1.

Vedlegg

Les meir expand_more