Forslag frå S. Hauge (Sp)
Formannskapet meiner at framlegget til samfunnsdel inneheld mange viktige tema, men at dokumentet slik det ligg føre er for omfattande og for lite prioriterande som styringsdokument.
Saka vert sendt attende til kommunedirektøren. Før planen vert sendt på høyring, skal det leggjast fram eit revidert utkast som er kortare, tydelegare og meir styrande. Samfunnsdelen skal vise kva Kviteseid kommune særleg skal satse på, kva som skal styre økonomiplan og arealplan, og kva prioriteringar som må gjerast når gode mål kjem i konflikt.
Samfunnsdelen skal inkludere eit kapitel om utvikling av kommunesenteret, også i ljos av den vedteke fleirkjerenestrukturen i Vest-Telemark
Revidert framlegg skal handsamast politisk før offentleg ettersyn.
Vedlegg
Innstilling
I medhald av plan- og bygningslova § 11-14 legg Kviteseid formannskap framlegg til revidert kommuneplan – samfunnsdel 2026–2037 – ut til offentleg ettersyn og sender planen på høyring.
Kommunedirektøren får fullmakt til å fastsetja ettersynsperiode og høyringsfrist.