Innstilling
Kommunestyret ber om at det vert lagt fram eit forprosjekt/moglegheitsstudie med minst to alternativ for lokalisering og utforming av prosjektet, der eitt alternativ skal vere plassering i det søraustlege hjørnet av tomta ved KOS. Alternativa skal gje eit reelt beslutningsgrunnlag for val av konsept. Alternativa skal innehalde 12 omsorgsbustadar. Når konsept er valt, skal løysinga følgjast opp gjennom planavklaring etter plan- og bygningslova § 12-14 og handsamast som planendring etter enklare prosess før ny byggesøknad vert fremja. Planendringa skal leggjast fram for formannskapet til politisk handsaming og endeleg godkjenning før byggesøknad vert sendt.
Vedlegg
Tilleggsforslag frå Ap
Kommunestyret ber kommunedirektøren legge fram ei sak for kommunestyret om bygging av omsorgsbustader og dagsenter. Saka skal mellom anna greie ut :
- Hovudutforming av omsorgsbustader
- Investeringskostnader for prosjekta kvar for seg
- Utgreiing skal gjere greie for driftsmessige konsekvensar, jfr økonomireglementet pkt 4.4