Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

09:56 Innstilling

Kviteseid kommune løyver eit årleg tilskot på kr. 25 000 til Seljord sikringsradiolag ut økonomiplanperioden. Pengane skal brukast til dei skisserte tiltaka i søknaden.

a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet.

b) Pengane vert å take frå bunde næringsfond; konto 147000, ansvar 4303, teneste 3250

Saldo på bunde næringsfond pr. oktober 2026 er før tilrådd løyving kr. 945 000

Saldo på bunde næringsfond pr. oktober 2026 er etter tilrådd løyving kr. 920 000

Samrøystes vedteke