Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå L. Thorsen (Kommunedirektør)

Kommunedirektøren tilrår ikkje leige til eige modellen for kommunale bustadar utifrå dagens situasjon. Kommunedirektøren tilrår heller ikkje at det blir gjort ein bestilling på å lage eit regelverk der dei som leiger hjå oss kan få kjøpe bustaden. Kommunedirektøren meiner det blir svært vanskeleg å unngå brot på likestillings- og diskrimineringslova med eit slikt reglement.