Resultat av votering

118/20 - Heiåvegen 588 - Søknad om dispensasjon for etablering av gapahuk i LNFR-område

Votering er ferdig i denne saka.

09:39 138/12

Med heimel i § 19-2 i pbl. vert søknad om dispensasjon frå krav i § 2.4.1 i føresegner til kommuneplanens arealdel godkjent for etablering av frittliggande gapahuk på fritidseigedom 118/20 som ligg i LNRF-område.

Løyve er grunngjeven med at ein gapahuk på ein etablert fritidseigedom ikkje endrar bruken av eigedomen. Eigedomen ligg i eit område med fleire spreidde fritidseigedomar som er bebygd.

Etter ei samla vurdering kan ikkje samfunnsutvalet sjå at vilkåra det blir dispensert ifrå eller omsynet til føremålet med lova bli vesentleg tilsidesett. Vilkåra i § 19-2 pkt. 1 i pbl. er ivaretatt.

Omsynet til helse, miljø, sikkerheit, jordvern og tilkomst for alle blir ikkje påverka av tiltaket.

Samfunnsutvalet har vurdert fordelane og ulempene ved tiltaket, og kome til at det ikkje er ulemper knytt til tiltaket og det blir heller ikkje lagt til rette for auka bruk.

Når gapahuken er oppført må det sendast melding til kommunen om tiltak som ikkje er søknadspliktig etter pbl, er ferdig bygd. Løyve gjeld eigedom 118/20 – Heiåvegen 588 og er gyldig i 3 år.

Vedteke

FOR

7
sondre aasan Senterpartiet Katrine Volhovd Høgre Håkon Høgetveit Høgre Helge Hellesø Lundgren Framstegspartiet Bjørn Ulvestad Andersen Framstegspartiet Eivind Skogheim Arbeiderpartiet Aud Jonskås Arbeiderpartiet

MOT

0