Resultat av votering

138/12 - Sudbøvegen 117 - Søknad om dispensasjon og oppføring av mindre fritidsbustad som erstatning for dagens mindre hytte med uteblitt vedlikehold over tid

Votering er ferdig i denne saka.

09:42 18/2024

Med heimel i § 19-2 i pbl. vert søknad om dispensasjon frå arealføremålet og krav i § 2.4.1 i føresegner til kommuneplanens arealdel godkjent for etablering av erstatningshytte og frittliggande bod for fritidsbruk i LNRF-område.

Med heimel i § 20-1a) i pbl vert søknad om riving av dagens mindre hytte og oppføring av erstatningshytte med nærliggande, frittståande bod for fritidsbruk godkjent.Løyve er grunngjeven med at tiltaket er i samsvar med forvaltningsplanen for Brattefjell – Vindeggen landskapsverneområde. Tiltaket må gjennomførast i tråd vilkår i verneområdestyrets vedtak den 14.05.24.Etter ei samla vurdering kan ikkje samfunnsutvalet sjå at vilkåra det blir dispensert ifrå eller omsynet til føremålet med lova bli vesentleg tilsidesett. Vilkåra i § 19-2 pkt. 1 i pbl. er ivaretatt.Omsynet til helse, miljø, sikkerheit, jordvern og tilkomst for alle blir ikkje påverka av tiltaket.Samfunnsutvalet har vurdert fordelane og ulempene ved tiltaket, og kome til at det ikkje er ulemper knytt til tiltaket og det blir heller ikkje lagt til rette for auka bruk.Rivemateriell må fraktast ut av området og leverast til godkjent mottaksplass for rivemassar.Før tiltaket blir tatt i bruk må det søkast om ferdigattest.Løyva gjeld eigedom 138/12 – Sudbøvegen 117 og er gyldig i 3 år.

Vedteke

FOR

7
Sondre Aasan Senterpartiet Håkon Høgetveit Høgre Katrine Volhovd Høgre Helge Hellesø Lundgren Framstegspartiet Bjørn Ulvestad Andersen Framstegspartiet Aud Jonskås Arbeiderpartiet Eivind Skogheim Arbeiderpartiet

MOT

0