Forslag

138/12 - Sudbøvegen 117 - Søknad om dispensasjon og oppføring av mindre fritidsbustad som erstatning for dagens mindre hytte med uteblitt vedlikehold over tid

01
18/2024
Innstilling
Behandlet

Med heimel i § 19-2 i pbl. vert søknad om dispensasjon frå arealføremålet og krav i § 2.4.1 i føresegner til kommuneplanens arealdel godkjent for etablering av erstatningshytte og frittliggande bod for fritidsbruk i LNRF-område.

Med heimel i § 20-1a) i pbl vert søknad om riving av dagens mindre hytte og oppføring av erstatningshytte med nærliggande, frittståande bod for fritidsbruk godkjent.

Løyve er grunngjeven med at tiltaket er i samsvar med forvaltningsplanen for Brattefjell – Vindeggen landskapsverneområde. Tiltaket må gjennomførast i tråd vilkår i verneområdestyrets vedtak den 14.05.24.

Etter ei samla vurdering kan ikkje samfunnsutvalet sjå at vilkåra det blir dispensert ifrå eller omsynet til føremålet med lova bli vesentleg tilsidesett. Vilkåra i § 19-2 pkt. 1 i pbl. er ivaretatt.

Omsynet til helse, miljø, sikkerheit, jordvern og tilkomst for alle blir ikkje påverka av tiltaket.

Samfunnsutvalet har vurdert fordelane og ulempene ved tiltaket, og kome til at det ikkje er ulemper knytt til tiltaket og det blir heller ikkje lagt til rette for auka bruk.

Rivemateriell må fraktast ut av området og leverast til godkjent mottaksplass for rivemassar.

Før tiltaket blir tatt i bruk må det søkast om ferdigattest.

Løyva gjeld eigedom 138/12 – Sudbøvegen 117 og er gyldig i 3 år.

Vedlegg

Les meir